Nettressurs for ny utgave av Rettslære (2021) finner du på https://rettslaere.fagbokforlaget.no!

Ta kontakt med digital@fagbokforlaget.no for å få tilgang til denne ressursen

Eller logg inn

Øvingar side 96

2.5.1

Det finst mange avgjerder frå Forbrukarklageutvalet (FKU) som eignar seg for presentasjon. Gå til www.forbrukerradet.no.

2.5.2

Spørsmålet er om fotballklubben Kula kan reknast som ein forbrukar, jf. forbrukarklagelova § 1(2), andre setning. Definisjonen av forbrukar i forbrukarklagelova, forbrukarkjøpslova, handverktenestelova og angrerettlova er den same. Berre fysiske personar, ikkje juridiske personar, kan vere forbrukarar.

Ein juridisk person kan vere eit aksjeselskap eller ein uregistrert organisasjon som rettsordenen anerkjenner som juridisk person. Idrettslag av ein viss storleik som har ein fast organisasjon med styrande organ, vedtekter osv., blir anerkjent som juridiske personar. Mindre interessefellesskap, til dømes ein syklubb, vinklubb eller liknande, blir ikkje anerkjent. Fotballklubben Kula eig klubbhus og kjøper heile fem videospelarar. Det tyder på at klubben er stor, og at han er ein eigen juridisk person. I så fall er kjøpet å rekne som eit næringskjøp. Klubben kan derfor ikkje føre saka sin inn for Forbrukarrådet og Forbrukarklageutvalet.